– Vi brukar bevisst dei eldre ungdomane som førebilete. Dei yngste ser opp til dei, og det blir meir gøy å lære.

Eit prøveprosjekt drive av Kirkens Bymisjon på Holmlia gir ny giv til ungdom som slit på skulen.

– Vi prøver bevisst å plukke opp det dei meistrar, og gir dei skryt for det. Det er veldig viktig for dei, for dei får kanskje ikkje så mykje skryt andre stadar.

Linn Evensen, dagleg leiar ved Kirkens Bymisjons tiltak, Forandringshuset på Holmlia i Oslo, fortel om ungdomane som har vore ein del av eit prøveprosjekt dei siste to åra. Inspirert av Ung på dagtid-tiltaket i Halden, har ho etablert ein alternativ og fleksibel læringsarena. Åtte ungdomar har tatt del så langt.

Ungdomane har alvorlege utfordringar, og somme har kanskje ikkje vore på skulen på lang tid.

– Dei eldste har gjerne droppa heilt ut av vidaregåande, medan dei yngre elevane er her nokre dagar i veka som ein del av skulegangen, fortel ho.

Fire suksesskriterium

Ved Forandringshuset driftar ungdomane «kafé på dagtid». Dei førebur mat, serverer, vaskar opp og hjelper til med å rigge opp og ned utstyr. Mykje kan lærast gjennom praktisk arbeid, meiner Evensen.

– Ein av ungdomane lærte meir på fire månadar her enn han hadde gjort på mange år i skulen. Både matte og naturfag er fag som vi kan få inn, litt og litt, via praktiske oppgåver.

Ho har elles fire suksesskriterium og ramsar opp frå ein lapp ho leitar fram:

  • Tilbodet må tilpassast kvar enkelt.
  • Meiningsfulle arbeidsoppgåve som dei meistrar.
  • Tett oppfølging av trygge vaksne.
  • Så lågterskel som mogleg. Om dei har plass, kan ein elev få begynne midt i semesteret.

Tett dialog

Ungdomsskuleelevane skal òg ha fagleg oppfølging. Av og til får Evensen læreplanen frå skulen, andre gongar får ho vite kva klassen jobbar med akkurat den veka. Ho har tett dialog med kontaktlærar og rådgjevar.

– Eg trur det er lettare, for desse ungdomane, å jobbe med skule på ein annan arena. Gjere ting på ein annan måte. Vi sit i ro ei lita stund, og så jobbar vi praktisk i nokre timar. Om du til dømes har vanskeleg for å konsentrere deg, så er det lettare å oppleve meistring på denne måten, trur Evensen.

Dei arbeider i små grupper med tett oppfølging, og av og til kan dei eldre elevane hjelpe dei yngste.

– Vi brukar bevisst dei eldre ungdomane som førebilete. Dei yngste ser opp til dei, og det blir meir gøy å lære.

Populært tilbod

Fleire av ungdomane har oppdaga nye sider ved seg sjølve på Forandringshuset. Ein elev trudde ho ville trenge mykje kvile, men oppdaga at ho greidde å stå fire timar i kafeen. Ein annan oppdaga at det var gøy å lage mat, sjølv om han aldri hadde vore oppteken av det tidlegare.

Evensen ynskjer å utvide skuletilbodet på Holmlia. Det siste året måtte ho seie nei til tre ungdomar på grunn av mangel på plass.

– Den eine ungdomsskulen i området har allereie booka éin plass til våren, i tilfelle dei får ein elev som treng det, fortel ho.

Om Forandringshuset, Holmlia

  • Forandringshuset, Holmlia er et lokalt kultur- og aktivitetshus av, for og med ungdom. Målet er å skape åpne og trygge møteplasser der barn og unge kan være seg selv og leve og utvikle seg som hele mennesker.
  • Forandringshuset, Holmlia drives av Kirkens Bymisjon i partnerskap med Unge Holmlianere, KFUK-KFUM Forandringshuset, ydel Søndre Nordstrand og Fryshuset.

Tekst: Anita Grønningsæter Digernes. Foto: Torstein Ihle (Magasinet BY 03/2023)

Driv kafé i skuletida

Kirkens Bymisjon krever at skolefravær må kartlegges slik at alle barn sikres den oppfølgingen de har rett på.