– Målet er at eleven sjølv skal oppleve at opplæringa gir meining.

Kva handlar skulefråvære eigentleg om? Om vi ikkje kan einast om eit felles narrativ, går vi glipp av mange unge, trur seniorrådgjevar i Statped, Maren-Johanne Nordby.

– Når eg startar opp saker, så vil eg at dei der ute skal få eit hjarte for barnet det gjeld. Det kan ha vore mykje konflikt og håpløyse, og det kan verke som ingen bryr seg. Mitt mål er å få tilbake den inspirasjonen som trengs, seier Maren-Johanne Nordby.

Ho arbeider i avdelinga for barn og unge med samansette lærevanskar i Statped – Statleg spesialpedagogisk teneste. Det er som regel pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) som ber om bistand frå Statped. Ofte reiser ho rundt for å møte elevar, og skildrar eit vanleg scenario:

Eleven kan ha vore vekk frå skulen i fleire år. Foreldra er slitne. Kontaktlæraren føler kanskje at ho har strekt seg langt allereie, og skuleleiinga skuldar på manglande ressursar.

– Då byrjar dei å peike på kvarandre, for å beskytte seg sjølve. Det blir konflikt på grunn av manglande meistring over tid.

Høge krav

Mange av borna Nordby jobbar med har nevrotilstandar, som ADHD, tourettes og autisme. Før var det mest gutar, men no er det også fleire jenter.

Desse elevane er overrepresentert når det gjeld fråvære, ifølgje Nordby.

– Det handlar grunnleggande om at dei ikkje blir forstått. Det er eit sjokk for mange når dei byrjar på skulen.

Overgangar kan vere krevjande, uansett diagnose eller ikkje. Dei elevane Nordby jobbar med, har ein ofte visst om sidan barnehagen. Dei har streva sosialt, og hatt vanskeleg for å kome med i leik. Mange opplever mobbing.

I skulen blir det stilt høge krav til at «dirigenten i hjernen», som Nordby kallar det, skal fungere godt tidleg. Du skal få oversikt, kome i gang med oppgåvene dine, og lære å ha armar og bein for deg sjølv. I tillegg kjem dei faglege krava.

– Denne dirigenten fungerer annleis hjå barn med nevrotilstandar. Dei kjenner tidleg på at dei ikkje meistrar, og får høgare stressnivå.

I tillegg tolkar desse borna ofte verda rundt seg på ein annan måte, der lyd, lukt og smak tek stor plass, ifølgje Nordby. Ho meiner vi bør tenke annleis når vi bygg nye skulebygg.

– Både fargeval og høve for skjerming er viktig. Somme elevar treng å trekke seg litt tilbake. Mykje glas gir sterkt lys, til dømes, noko som kan vere utfordrande for mange.

Fell mellom stolar

Nordby opplever at det er lite kunnskap om barn med nevrotilstandar, og at det stadig skjer lovbrot.

– Dei har kanskje blitt plassert med ufaglærte som ikkje har kompetanse, og dermed ikkje fått den spesialundervisinga dei har krav på. Eleven fell litt mellom stolar, meiner ho.

Mange av elevane kan vere på det same faglege nivået som resten av klassen, men dei treng ein annan type organisering for å meistre oppgåvene. Funksjonsnedsetjingane er gjerne diffuse og vanskelege å få auge på.

– Eg trur det ofte er slik at foreldra har meldt frå lenge før fråvære er blitt eit problem, men så ser ikkje skulen det heilt på same måten.

Etter sju år i jobben hjå Statped, har Nordby utan unntak møtt foreldre som står på hovudet for borna sine. Som les seg opp og står på. Men når foreldre og skulen møtast for å finne ei løysing, blir ressursar ofte ein tema.

– Men det er ikkje der det skal takast. Borna har ein rett i det enkeltvedtaket om spesialundervisning som dei har fått.

Nordby understrekar at det er læraren og skulen som er den profesjonelle part. Det er skulens ansvar å sørgje for eit godt samarbeid med elevar og føresette.

Snakkar om Roblox

Mange kommunar har oppfølgingsrutinar dei følgjer når ein elev blir borte frå skulen lenge. Dei har ei liste med spørsmål som dei skal stille eleven, men Nordby opplever at dei brukar for lite tid til kartlegging.

Ingen spor av meistring

– Eg trur det ofte er slik at foreldra har meldt frå lenge før fråvære er blitt eit problem.

– Når vi kjem inn i ei sak, prøver vi å skjøne kva eleven likar. Om dei likar gaming, kan vi spørje dei om Roblox, til dømes. Bore ned i kvifor dette er eit meistringsområde for akkurat denne eleven. Eg opplever at få i skulen gjer dette, det er for tidkrevjande.

Ho fortel om ein elev ho møtte som byrja å skrive referat frå møta deira. Deretter gjekk han til skulen og sa: Dette treng eg for å kunne kome på skulen.

– Alle som kjende han frå før var mållause. Men han hadde berre ikkje skjønt korleis han skulle setje ord på utfordringane sine før.

Ropar etter hjelp

Det er ikkje nødvendigvis diagnosar som er interessant, men funksjonsnivå, ifølgje Nordby.

– Kva treng min elev? Det er det viktigaste. Ein elev kan til dømes bli utreda for autisme, og ikkje få diagnosen. Dermed blir det heller ikkje sett inn tiltak. Men dei i skulen må jo legge til rette for det dei ser, det er ikkje så nøye kva det heiter.

– Det handlar vel også om mangel på ressursar?

– Ja, det har aldri vore så mange ufaglærte assistentar i skulen som dette skuleåret her. Det handlar om at ein ikkje får tak i kompetanse. På lærarutdanninga er det lite om spesialundervisning, men det er det dei ropar etter hjelp om.

I 2018 kom Nordahl-utvalet med ein rapport om barn og unge med behov for særskild tilrettelegging. Der kom det fram at dei med høgst kompetanse jobbar lengst unna elevane.

– Eg har fem år med spesialpedagogikk. Men sidan eg ikkje har undervisningskompetanse, ville eg blitt definert som ufaglært i skulen, fortel Nordby.

Ho meiner vi må opne opp dei kategoriane som finst, for å inn den kompetansen som trengs. For vi har eit relativt stort apparat rundt barn og unge som fell utanfor i Noreg.

– Der vi greier å trekke i same retning, der lukkast vi. Men når alle partar sit med forskjellege narrativ om kva skulefråværet handlar om, så lukkast vi ikkje.

Relasjon, relasjon, relasjon

For mange av borna som har vore vekk frå skulen lenge, er livskvaliteten ganske dårleg. Dei har kanskje kontakt med nokon gjennom gaming, men det er det.

– Første steg er å bygge ein relasjon med nokon på skulen. Deretter er det viktig å finne aktivitetar dei meistrar. Målet er at eleven sjølv skal oppleve at opplæringa gir meining, seier Nordby.

– Det blir stilt mange krav til desse borna, som dei ikkje greier å innfri. Dei får fråvære fordi dei ikkje opplever kontroll i den verda dei lever i. Om barnet opplever at det blir høyrt og lytta til, så lukkast vi ofte.

Blir unge uføre

– Kva er målet ditt, i den jobben du gjer?

– Vi vil jo førebygge utanforskap seinare i livet. Nav seier at unge personar med kompleks ADHD, autisme og psykiske lidingar, er mest aukande blant unge uføre. Det er heilt forferdeleg. Eg veit sjølv om unge som har vore heime heile ungdomsskulen og vidaregåande, og som er blitt unge uføre. Eg får heilt vondt i magen av å tenke på det.

Samfunnet går glipp av mange som kunne bidrege med mykje, trur Nordby. Mange av ungdomane ho kjenner kan mykje om koding, algoritmar og samfunnssikkerheit.

– Men dei blir sitjande på guterommet. Dei sit på ein kompetanse og evner som vi treng i morgondagens samfunn. Vi har ikkje råd til å miste dei.

Tekst: Anita Grønningsæter Digernes. Foto: Torstein Ihle (Magasinet BY 03/2023)

Kirkens Bymisjon krever at skolefravær må kartlegges slik at alle barn sikres den oppfølgingen de har rett på.