– Elevane på garden får eit meir positivt syn på seg sjølv i situasjonar der det blir stilt krav, seier lærar Gyda Askestad.

På ein idyllisk gard i Asker samarbeider barn og vaksne om skuledagar utanom det vanlege.

– Mulla Brekar!

Ludvik (11) står ved gjerdet til sauene og speidar over jordet. Mulla brekar er sjefssauen, han med størst horn, forklarar han. Ludvik småspring tilbake langs gjerdet, med eit brød i hendene, og ropar på sauene. Etter nokre minutt kjem alle springande mot oss, saman med Ludvik.

– Den svarte og kvite heiter Tulla, fortel han, litt andpusten.

Mange lam fekk namn i vår, og Ludvik har styr på dei fleste. Å arbeide med sauene, er det beste han veit på garden. Han har til og med vore med på tre fødslar her på Syverstad gård.

Kvar tysdag har Ludvik skuledagen sin her, saman med ein klassekamerat. Medan dei kastar store bitar med brød inn til sauene, fortel lærar Gyda Askestad:

– Mulla Brekar er far til alle lamma. Til 30 stykke! Tenk det! Gjer han ein god jobb som pappa, Ludvik?

11-åringen smiler og trekk på skuldrane.

Inn på tunet

Syverstad gård er ein av Askers eldste gardar. Gyda driv den saman med sambuaren Simen Fossum, som har vakse opp her. I tillegg til sauer har dei grisar, høner og bier. Som godkjend «Inn på tunet»-gard, har dei også aktivitetstilbod for barn og ungdom.

Det fungerer slik: Dersom skulen og pedagogisk-psykologisk teneste (ppt) ser at ein elev har behov for å vere på ein alternativ opplæringsarena, så er Syverstad gård ei moglegheit. Gyda har mange års lærarerfaring, og har drive alternativ opplæring på garden i sju år.

Nyttig arbeid

Denne tysdagen har Gyda og gutane henta brød på butikken. Dei har laga squashkaker til lunsj, med grønsaker som dei har dyrka sjølve. På biblioteket har dei lånt bok til lesestund. Kvar skuledag på Syverstad er tilpassa behovet til elevane.

Gyda trur det er godt for både foreldre og barn og ha éin dag i veka som ikkje endar i nederlag og konfliktar, ein dag der alle senker skuldrane litt.

– Når vi planlegg, ser vi på kva arbeid som trengs på garden. Deretter kjem motivasjonen og ressursane til elevane inn i biletet. Vi tilpassar aktivitetane etter kva som må gjerast, og kva som er gøy, fortel Gyda.

Ein gard innbyr til aktivitet og samarbeid. Det seier forskar Siv Merete Kjenes Arnesen, som skriv doktorgrad om bruk av gard som læringsarena for ungdomstrinnet.

Mykje praktisk arbeid. Natur. Varierte oppgåve som kan tilpassast den enkelte utifrå interesser, behov og nivå. Det er lett å legge til rette for at den enkelte elev opplever meistring, ifølgje Arnesen.

– I tillegg får elevane bidra med noko som verkeleg trengs. Dyr er svoltne og treng mat. Det elevane gjer er viktig arbeid, og dei opplever å vere nyttige.

– Ingen «quick fix»

2199 elevar i grunnskulen var utplassert utanfor ordinær opplæring i skuleåret 2022/2023, éin eller to dagar i veka. Det viser tal frå Utdanningsdirektoratet (Udir). Arnesen er forskar hjå NORCE og har tidlegare følgt opplæringstilbodet ved Hommedal skolegård i Grimstad.

– Bakgrunnen for det prosjektet var at kommunen hadde ei utfordring med at det var fleire elevar dei ikkje kunne gi eit tilfredsstillande tilbod til i skulen. Dei såg til Abildsø gård i Oslo og ville etablere noko liknande. Dei ville bidra til å førebygge fråfall, fortel Arnesen.

Ved Hommedal fekk elevane tett oppfølging. Lærarane ga dei utfordringar og tillit, og elevane fekk eit avbrekk frå den vanlege skulekvardagen. Vere elev på ein litt annan måte.

– Er dette ei type opplæring som fleire burde få tilbod om?

– Med tanke på at det er ein del elevar som ikkje klarar å møte opp på skulen, så viser forsking på Hommedal og andre gardar at det kan vere eit verknadsfullt tilbod. Det hjelper på motivasjonen og på sosiale ferdigheiter. Det er ingen «quick fix» for alle, men det har vore eit godt supplement for desse elevane, seier Arnesen.

Timeplan: Stelle garden og ha det gøy

Working animal, Plant, Tree
People in nature, Woody plant, Sky, Tree, Fruit, Grass
Working animal, Plant, Mammal, Grass, Sheep
People in nature, Grass, Leisure
Bird, Comb, Phasianidae, Shorts, Beak
People in nature, Plant, Grass
Working animal, Plant, Smile, Tree, Fence, Fawn, Sky

Ein skuledag på Syverstad gård kan innehalde mykje, alt etter sesong og motivasjon.

Luke her og luke der

Då vi kjem til Syverstad gård ein tysdag i slutten av august, ventar Gyda og 11-åringane på tunet. Hunden Kompis kjem logrande mot oss for å helse på.

Dei tek oss først med til hønene. Idet dei opnar døra, stormar fleire av hønene ut i det fine veret. Fire egg finn dei. Deretter samarbeider gutane om å fylle på meir mat.

– Kvifor tek vi skjelsand, spør Gyda dei.

– Det er bra for nebbet deira, seier Ludvik og tek endå litt meir.

Då alle dyra har fått sitt, står drivhuset for tur. Etter ein sommar utan elevar på garden, er det overgrodd. Særleg drueplantene har vakse vilt, heilt til taket, og vikla seg inn i alt anna.

11-åringane plukkar store agurkar og prøvesmakar dei grøne druene. Gyda tek fram ei lita hagesaks. Etter ei kort arbeidsøkt, der gutane dreg ut ugraset som ho klippar laus, strøymer lyset på ny inn i drivhuset.

Rett utanfor er grønsakhagen, med mais, squash, grønkål og gulrot. Og ein del ugras. Det vil Gyda gjere noko med.

– Luke kan vi gjere ein annan dag, seier Ludvik og smiler lurt.

Han får gå og plukke ein mais som han kan ta med heim. Han skrellar av lag for lag med hendene og legg skalet på bakken utanfor drivhuset.

– Du kan bruke grasklipparen til å kutte opp det der, seier Gyda, og legg til:

– Men om eg hjelper deg med grasklipparen, så hjelper du meg å luke etterpå? Ja?

Dei tek kvarandre i handa på det.

På lag

Slike avtalar blir laga gjennom heile dagen, kvar dag, fortel Gyda. Elevane har behov for å bestemme sjølve, så ho prøver å gi dei ei kjensle av samarbeid.

– Vi er på lag. Dei må tilpasse seg oss, og vi må tilpasse oss dei, seier ho.

Ho meiner borna som kjem til garden blir mykje tryggare på grensesetjing.

– Eg trur dei opplever at dei grensene som blir sett er til det beste for dei. Dermed får dei eit meir positivt syn på seg sjølv i situasjonar der det blir stilt krav, seier Gyda.

– Og dette kan smitte over på korleis dei har det på skulen. Dei tek med seg den positive erfaringa, og har dermed eit større grunnlag for å lukkast også der.

Om Syverstad gård

  • Ligg mellom Hvalstrand og Holmen, om lag 15 minutt frå Oslo.
  • Er ein godkjend Inn på tunet-gard, som betyr at dei har aktivitetstilbod for barn og unge i skule, barnevern og Nav.
  • Er heim til villsau, bier, høner og frilandsgris. I fjøsen er det selskapslokale.
  • Simen Fossum eig og driv garden saman med sambuar Gyda Askestad.

Tekst: Anita Grønningsæter Digernes. Foto: Torstein Ihle (Magasinet BY 03/2023)

Kirkens Bymisjon krever at skolefravær må kartlegges slik at alle barn sikres den oppfølgingen de har rett på.